01
Frå fast kupong til friare val
Korleis vi utvikla bytt kupong frå MVP til ein skalerbar funksjon for over 2 millionar Coop-medlemmer.
Rolle:
UX Designer
Selskap:
Coop Norge SA
Tidsramme:
November 25-August 26
Mi rolle
Ansvar: Designansvar frå problemdefinisjon og MVP til testing, vidareutvikling og utrulling.
Arbeidet gjekk over fleire fasar, frå utvikling av MVP og designendringar til oppfølging og justering under utrullinga. Undervegs blei brukarinnsikt og produktdata brukt til å prioritere vidare designgrep i samarbeid med produkt og utvikling.
Bakgrunn
Kuponger er ein veldig populær funksjon i Coop-appen. Samtidig passar ikkje alle personlege kupongar like godt til det brukaren faktisk handlar.
Bytt kupong blei utvikla for å gi medlemmene meir fleksibilitet ved å la dei byte ein kupong dei ikkje ønskjer, mot eit anna alternativ.
Medlemmene kan gjere opptil tre bytte per kampanjeperiode, så det var viktig at det var enkelt å forstå både kva ein kunne byte til, og kor mange bytte ein hadde igjen.
Når enkelt ikkje betyr tydeleg
Den første versjonen av MVP gav oss eit tydeleg signal: sjølve bytteflyten fungerte.
I ei spørjeundersøking med 13 000 svar oppgav 97 % at det var enkelt eller veldig enkelt å byte. Samtidig fekk vi tilbakemeldingar som viste at brukarar var usikre på kva som eigentleg skjedde rundt byttet:
Kor mange bytte har eg igjen?
Kva kan eg byte til?
Er byttet faktisk gjennomført?
Det blei derfor tydeleg at vi ikkje trong å gjere sjølve flyten meir avansert. Vi trong å gjere valet og byttet meir forståeleg og trygg.
Små grep, tydelegare val
Vi gjorde derfor målretta endringar i staden for å bygge om heile opplevinga.
Vi gjorde frå → til tydelegare, synleggjorde kor mange bytte som stod igjen og gjorde alternativa og reglane enklare å forstå. Etter eit gjennomført bytte brukte vi animasjon og micro-interaksjonar for å gi ei tydeleg bekrefting på at handlinga var fullført.
Målet var ikkje å endre ein flyt som allereie fungerte, men å fjerne usikkerheita rundt den.
Utrulling og validering
Vi rulla først ut endringane til 50 % av medlemsbasen. Det gav oss moglegheit til å følgje med på tilbakemeldingane frå den større brukarbasen og justere før full utrulling.
I perioden frå mai til midten av juli fekk vi 25 075 surveysvar. Blant dei som hadde prøvd å byte, oppgav rundt 87 % at prosessen var enkel eller veldig enkel.
Det gav oss tryggleik til å skalere vidare, samtidig som tilbakemeldingane gav oss ny innsikt i kva som faktisk skaper verdi.
Resultatet
Bytt kupong blei etter kvart ein funksjon i stor skala, med 3,86 millionar visningar, 433 000 unike brukarar som bytta og over 1 million gjennomførte bytte.
Vi fekk også eit tydeleg signal på at funksjonen hadde verdi: 85 % oppgav at dei ville blitt skuffa dersom Bytt kupong forsvann.
Samtidig viste tilbakemeldingane at den største moglegheita vidare ikkje låg i sjølve bytteflyten, men i relevansen i alternativa.
20,8K ønskte fleire relevante kupongar å byte til.



